Brit og Trygve

9. januar - 17. februar.

Huset er perfekt for to personar med kvar sin pc og kvart sitt bokprosjekt. Soveromma ovanpå fungerte som kontor, og finare pauserom enn takterrassen kunne vi neppe fått!

I løpet av desse vekene hausta vi inn dei aller siste appelsinene, som var søte og gode, og fekk akkurat med oss begynnelsen på appelsinblomstringa.

Vi opplevde eit par periodar med kraftig vind og regn, men overveiande var det fint vær, og heile øya var usedvanleg grønn og frodig.

Vi fekk gått nokre fantastiske fjellturar, bl.a. til Montagna de Tauro og rundt Inagua og Roque Nublo.

Men det må innrømmast at det blei enda fleire turar til Acaymo, der vi fekk fabelaktig mat og service, og ti prosent avslag da dei fann ut at vi budde i Casa Noruega. Nydeleg mat og vin fekk vi også på Gladiatore, her fekk vi ein heimelaga jordbær-tiramisu vi seint vil gløyme. Så det var ikkje berre bokprosjekta våre som la på seg under opphaldet.

Vi hadde 5 1/2 flotte veker i Casa Noruega, og takkar for at vi fekk lov å leie huset så lenge!

Med helsing Trygve Aas Olsen og Brit Bildøen